Tom var ein heilt spesiell musikar og eit heilt spesielt menneske.

Torsdag 12. mai fekk vi ei trist melding om at Tom var gått bort. Tom var vår faste saksofonist, humorist, arrangør og venn i mange år. I den siste tida budde han i byen han vart fødd, Halden.

Tom var ein heilt spesiell musikar og eit heilt spesielt menneske. Det fanns nærast ingen instrument han ikkje kunne spela på eller laga musikk av, men trekkspel spelte han ikkje.

Han fortalde ein gong at far hans, som og var musikar, truga med at om han ikkje åt opp maten sin, så ville han spela trekkspel for han. På sitt vanlege humoristiske sett, klappa Tom seg på magen medan han sa, «Og se hva det har gjort…».

På hans språk hadde han utvikla «accordionfobi». Tom var alltid gjenstand for hysterisk morosame kommentarar, historier og påfunn.

Eit av glansnumra hans var «Hvordan lounge-klavermusikk oppfattes av bargjester etter en fuktig aften kl. 0230». Alle som har høyrt Tom sitt klaverspel veit vi no ler høgt.

Ga du Tom eit skrujern, eller eit kva som helst slag verktøy «med høl i», kom det ut musikk.

Tom begynte som trommeslagar hos oss. Så dukka han plutselig ein dag opp med saksofonen, og dermed bytta han plass. Om det stod eit klaver, gitarar, ja kva som helst, så jazza det rundt han.

I 10 år på rekkje var vi så heldige å opptre på «Vetlanyttårsafto» i Fjellheim. Her hadde vi alle våre tradisjoner i garderoben.

Tom gjorde det til ein vane med å bringe med seg ei flaske whisky ingen av oss hadde høyrt om før og ingen kunne uttale namnet på. Han fekk rett kvar gong. Dette kunne vera Craigellachie, Llanfairpwllggoch single malt etc. Han uttalte dei både før og etter inntak.

Men det var ikkje berre det musikalske som imponerte oss, men og intellektet hans på så mange vis. Med ein fotografisk hukommelse og klisterhjerne, var han alltid eit oppslagsverk. Dette kunne gjelda så mykje meir enn musikk.

Tom vart etter kvart ein del av andre storband og musikkforeiningar i Os og Bergen, og han sette alltid preg der han var.

For ti år sidan flytta Tom tilbake til Halden etter å ha gått inn i pensjonistene si rekkje. Etter det vart det mindre og mindre kontakt. Sist vi hadde kontakt var i forbindelse med Osfest, men han hadde ikkje helse til å reise over. Det er derfor med stor sorg og sakn me vil ønskja fred over Tom sitt minne.

We miss your mojo …

Alle dei gode venene dine i The Untouchablues.