– Vi har ein del trimpostar på ulike fjell, og eg har aldri sett så mykje snø på fjella så seint på sommaren, fortel Magnar Hellebust frå Viksdalen.

Hellebust er ein av mange som likar å gå i fjellet, spesielt om sommaren når det er bar mark. Men på grunn av den kalde våren og sommaren, må turgåarar framleis trakke i snø, skriver Firda.

Synd i sauebøndene

Den 16. juli tok han bilde av korleis det såg ut ved Kvanngrøvatnet som ligg mellom Vikastølen i Gaular og Nydals-stølen i Førde. Bilda syner mykje snø og is på vatnet. I slutten av juni for to år sidan tok Hellebust bilde på same stad. Då var det heilt fritt for snø. (Sjå bilde nederst i saka.)

Sjølv om han synest det er trasig å framleis gå tur i snøen, synest han mest synd i sauebøndene som har sauer som beitar på høgfjellet.

– Det er fleire sauebønder mellom Viksdalen og Høyanger som har vore ein eller fleire månadar seinare med å sleppe sauene på beite, fortel Hellebust.

3,5 grader i midten av juli

På målestasjonen i Førde viser statistikken at snittemperaturen dei siste 30 døgna har vore normal, men at den kaldaste temperaturen vart målt til 3,5 grader den 17. juli.

I mai og juni låg gjennomsnittstemperaturen mellom 7 og 10,5 grader. Det er i gjennomsnitt to grader mindre enn det som er normalt.